Partnartreff og overrasking
I forrige veke samla me 23 stk av våre gode partnarar til partnartreff med temaet «Jo mere vi er sammen 2.0». På programmet stod korte innlegg frå Statkraft, Sognekraft, Hydro, Hydro Energi, Sparebank1 Sogn og Fjordane, Sparebankstiftinga og Høgskulen på Vestlandet.
Kvart innlegg var på om lag ti minutt, og me fekk høyre engasjerande refleksjonar om kva partnarane er stolte av – fleire gonger med spennande koplingar til teknologi, innovasjon og realfag. Det vart ein kveld prega av både fagleg påfyll og gode samtalar.
Ei stor overrasking
Midt i programmet vart me også overraska med ei fantastisk nyheit: Sparebank1 Sogn og Fjordane delte ut ein gåvesjekk på 200 000 kroner til ViteMeir! Midlane er tildelt prosjektet Sansar og symbol, som me søkte støtte til i september.
Prosjektet handlar om inkludering og tilrettelegging i utstillinga vår. Målet er å skape ei meir tilgjengeleg og sansebasert oppleving – uavhengig av språk, alder eller føresetnader.
Gjennom to delprosjekt vil me:
utvikle ei sansegrotte som gir rom for leik, utforsking og ro, særleg retta mot gjester med særskilde behov
gjere eksisterande installasjonar meir intuitive gjennom symbolbaserte instruksar i staden for tekst
Med kompetanse frå både fagmiljø og brukarorganisasjonar, skal me sikre at tiltaka både gir betre opplevingar lokalt og kan kome heile vitensenternettverket til gode.
Tusen takk til Sparebank 1 Sogn og Fjordane! Me er svært takksame for støtta – og ikkje minst tilliten – me har fått gjennom denne gåva. Desse midlane gjer det mogleg å ta viktige steg vidare for å gjere ViteMeir til ein endå meir inkluderande og engasjerande læringsarena for alle.
Ein minnerik kveld
I tillegg til faglege innlegg og nyheiter fekk alle partnarane våre servert deilig mat og drikke frå SmakeMeir. Som ein leiken finale på kvelden avslutta me med konkurransen Ballongbattle med bluebots – robotar programmert av 8. klasse ved Hafslo skule. Det vart både latter, spenning og jubel, og ein perfekt måte å runde av ein inspirerande kveld saman med partnarane våre.