Den 11.11.2026 klokka 11.11 fylte ViteMeir heile 5 år og me måtte sjølvsagt feire dagen med ballongar, kake, vitenshow og talar. Me delte opp dagen i to, og bak begge feiringene stod ein veldig takknemlig ViteMeir-gjeng som syns det var veldig stas å få ta i mot så mange bursdagsgjester.
Første del av feiringa starta klokka 11.11 og her var partnarar, eigarar, tidlegare partnarar og andre som var involverte i oppstarten invitert. Me samla nett over 60 personar og fleire tok ein ganske lang tur for å få det med seg. Det blei mange fine helsingar, gåver og ei fantastisk gjenskaping av korleis idèen om ViteMeir blei til! Me avslutta i auditoriet med Bursdagsvitenshow før det blei nydeleg lunsj og kake i SmakeMeir etterpå.
Andre del av bursdagsfeiringa var utan påmelding, og sjølv om me hadde gratis inngang, kake, kaffi, premier og vitenshow på programmet så ante me ikkje kor mange som faktisk kom til å ta turen. MEN det kan me sei at det gjekk over all forventning, 267 gjester, og det på kun tre timar! Me hadde gøymt masse premier rundt i senteret, så fleire av gårdagens gjester fekk med seg fine ting frå butikken og nokon fekk årskort. Det skal også nemnast at det blei tomt for kake— Lise hadde ikkje ein einaste kakesmule igjen i verken kjøleskap eller frys!
No er ballongbogen erstatta med juletre, og me gler oss til å opne pepperkakebygda 2026, 18. november klokka 16.00 🌲