ViteMeir på hjul

Med støtte på 750 000 kroner frå Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane kunne ViteMeir starte opp «ViteMeir på hjul» skuleåret 2024–2025. Dette fireårige prosjektet skal bringe spennande læringsopplegg ut til ungdomsskuleelevar i dei ti kommunane i Sogn og Fjordane som har lang reiseveg til vitensenteret og ikkje har bruksavtale med ViteMeir. Målet er at alle elevane skal få oppleve to læringsopplegg frå ViteMeir i løpet av ungdomsskuletida. Prosjektet har ei samla ramme på 1 million kroner over fire år, der kommunane står for 25 prosent av kostnadane.

No er me halvveges i prosjektperioden, og har i løpet av dei to siste skuleåra besøkt alle ungdomsskulane i dei 10 kommunane som er med i prøveprosjektet: Solund, Hyllestad, Høyanger, Fjaler, Askvoll, Kinn, Bremanger, Stad, Stryn og Gloppen. Til saman har desse kommunane 110 ungdomsskuleklassar med 2135 elevar. Me har gjennomført læringsopplegg for 1900 av desse elevane i løpet av dei to første åra i prøveprosjektet.

  • I skuleåret 2024/2025 besøkte me 75 klassar.

  • I skuleåret 2025/2026 har me besøkt 51 klassar. 

"Tilbodet har fått veldig god mottaking både blant elevar og lærarar, og tilbakemeldinga er at dette vil dei ha meir av!", fortel formidlingsleiar Åse Neraas. "Etter etter ei økt med "Elektronikk og Børstebot" eller "Super:bit" er det fleire elevar som har spurt om kvar dei kan få tak i lyspærer, leidningar, motorar og micro:bit – ikkje fordi dei må, men fordi dei vil fortsette å utforske dette heime. Nokre har sett det på ønskelista si til bursdag og jul. Det skjer ikkje så ofte med skulemateriell, og det seier noko om at besøket har sett spor", seier formidlingsleiar Åse Neraas.

At Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane tok størstedelen av rekninga og dekkjer 75 prosent av kostnadane, var ein viktig føresetnad for å få kommunane med på satsinga. Støtta har gjort det mogleg å løfte fram ViteMeir sitt tilbod i heile Sogn og Fjordane og gi langt fleire elevar tilgang til læringsopplegga våre. Ambisjonen er at kommunane opplever så stor verdi av tilbodet at dei vel å vidareføre det også etter at prosjektet blir avslutta i skuleåret 2027–2028.

"Enkelte opplevingar er vanskelege å måle, men lette å hugse – både for oss, for læraren og ikkje minst for eleven. På ein av turneane våre møtte me ein elev med særskilte behov, som i lang tid berre hadde klart å vere i klasserommet i kring 20 minutt om gongen, sjølv med tett oppfølging frå lærar og assistent. Etter 90 minutt med eit læringsopplegg frå ViteMeir saman med resten av klassen, sat eleven framleis konsentrert og engasjert, og ville ikkje avslutte. Slike opplevingar viser at ViteMeir kan vere eit godt verktøy for skulane – akkurat slik me ønskjer å vere", seier Neraas.

Målet med støtta frå Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane var å sikre at fleire elevar i Sogn og Fjordane får glede av kompetansen ved ViteMeir. Når vitensenteret reiser ut til skulane med ferdige læringsopplegg, kan langt fleire elevar få oppleve utforskande og praktisk læring, utan å måtte reise langt. Dette gjer det mogleg å nå mange på ein effektiv og inkluderande måte. "Dette er ei gåve som har komme svært mange born og unge til gode, me håpar at kommunane ser nytten av ei slik satsing på realfag for elevane deira. No gler me oss til å ta fatt på dei to siste åra av prøveprosjektet, og håpar at me får halde fram med å reise på hjul til alle skulane i Sogn og Fjordane også etter dette", avsluttar Neraas.

Neste
Neste

Frå Osloskulen til vitenshow i Sogn