Nytt møterom: Multiverset

Rett over sommaren opnar me eit heilt nytt møterom på ViteMeir – Multiverset. Rommet blir eit spennande tilskot til Verdsrommet og Vitskapet, og ligg nesten vegg i vegg med desse.

​Rommet er under bygging gjennom sommaren, så me har ingen bilder å dele (enda), men booking er open frå starten av september. Skal du planleggje eit møte, ein workshop eller ei samling rett etter ferien, kan du allereie no sikre deg ein dag i Multiverset.

Som alltid får du tilgang til dei samme gode fasilitetane som ved alle møteromsbookingar hjå oss – skjerm, teknisk assistanse og servering tilpassa dykkar ønskje.

Me gler oss til å ønskje mange av dykk velkomne til Multiverset i haust! ☀️

Forrige
Forrige

Me søkjer vitenvertar

Neste
Neste

ViteMeir på hjul