«ViteMeir på hjul» blir vidareført  

Banksjef for bedriftsmarknad i Sparebanken Sogn og Fjordane, Jan Petter Vadheim, overleverte gåva på 750.000 kroner til ViteMeir på hjul. Formidlarane Sandra, Iselin, Eskil og ViteVero jublar over gåva. 

Over 3500 elevar har gjennom «ViteMeir på hjul» fått oppleve vitenshow eller læringsoppplegg i løpet av hausten 2023. Sjølvsagt må me halde fram med dette når me får tilbakemeldingar som «Dette  er verdas beste naturfagtime!», seier formidlingsleiar ved ViteMeir Åse Neraas. 

ViteMeir er lokalisert på Kaupanger i Sogndal kommune, men er vitensenteret for heile Sogn og Fjordane. Avstandane i Sogn og Fjordane skapar utfordringar knytte til tidsbruk når både reise og opplegg skal gjennomførast i løpet av ein skuledag.  

- Avstanden gjer det ikkje fornuftig at alt skal skje hjå oss på Kaupanger. Opplevinga ein får ved eit besøk hjå oss på ViteMeir kan ikkje fullt ut erstattast av at me reiser ut, men ved å legge ut på turné med «ViteMeir på hjul» får langt fleire elevar nyta godt av tilbodet vårt. ViteMeir skal uansett vere vitensenteret for heile Sogn og Fjordane, så me satsar derfor på å vidareutvikle «ViteMeir på hjul», seier Neraas.  

«Dette er verdas beste naturfagtime!»

Frå slutten av august til starten av november har over 3500 elevar frå kommunane Sunnfjord, Stad, Kinn, Høyanger, Hyllestad, Gloppen og Stryn fått besøk frå ViteMeir og fått gjennomføre læringsopplegg eller oppleve vitenshow. Med unntak Sunnfjord, er dette kommunar som ikkje har fast bruksavtale med ViteMeir.  

- Svært mange av desse elevane ville elles truleg ikkje fått eit tilbod frå oss. Då er det ekstra gjevande å få tilbakemeldingar som den me fekk frå ein elev frå Eid som utbraut «Dette er verdas beste naturfagtime!», fortel Neraas.  

Prosjektstønad har gjort det mogleg 

For å gjennomføre slike turnear er ViteMeir avhengige av særskild finansiering, enten ved at kommunane betalar for tilbodet eller ved at andre aktørar stiller med finansieringa. I 2023 blei det først gjennomført eit prøveprosjekt i slutten av februar, der formidlarar gjennomførte læringsopplegg for heile ni skuleklassar i løpet av to intensive dagar ved Campus Verftet i Førde. Erfaringane var gode og tilbakemeldingane frå elevar og lærarar var at dette var noko dei ville ha meir av. Sunnfjord kommune har no teikna ny bruksavtale med ViteMeir. Bruksavtalen vil frå no av innehalde både besøk til ViteMeir og at ViteMeir kjem til Sunnfjord for å halde læringsopplegg.  

Midlar frå Forskingsrådet finansierte turneen sine aktivitetar i Stad. Her var aktivitetane knytte til Forskingsdagane som i år hadde energi som tema. I tillegg har gåvemidlar frå Tekna finansiert «ViteMeir på hjul» sine turneaktivitetar i Kinn, Høyanger, Hyllestad, Gloppen og Stryn. Her har turneen nådd over 1700 elevar.  

Øyvind Heimset Larsen i Tekna Sogn og Fjordane er opptekne av berekraft og rekruttering. 

- Me jobbar for god utdanning, berekraftsmål nr 4, ved å rekruttere til realfaga med aktiv støtte til  ViteMeir, Reodor-satsingar og me heiar på alle natur- og realfagstudium i regionen. I dette arbeidet nyttar me Tekna sine interne utlysingar av Samfunnsmidlar særs aktivt. Me har alt inne ny søknad om midlar som saman med andre gode krefter kan utvide og fornye satsinga i 2024.  

Får turnere vidare i 2024  

ViteMeir har som målsetnad å dekkje alle kommunar i gamle Sogn og Fjordane fylke i løpet av ein periode på to år, inkludert både besøk ved ViteMeir på Kaupanger og «ViteMeir på hjul» andre stader i gamlefylket. Vestland fylkeskommune har løyvd midlar til innkjøp av mobile installasjonar som vil bidra til å gjere tilbodet på hjul enda meir spanande. 

- Målet vårt er at dette skal bli ein fast del av verksemda vår og at tilbodet på hjul kan inkludere både vitenshow, læringsopplegg og ikkje minst vitensenterinstallasjonar. Me gler oss til dømes veldig til at me etter kvart kan ta med elevar på ei visuell reise til verdsrommet i eit mobilt planetarium, seier formidlingsleiar ved ViteMeir Åse Neraas.  

Tekna fyller 150 år i 2024 og  ønskjer å markere dette ved å bidra til aktivitet som kan stimulere til realfagsinteresse over heile landet. Dette gjer dei gjennom eit eige jubileumsprosjekt med vitensentera. Kvart av dei 13 regionale vitensentera får 150.000 kroner i gåve til gjennomføring av pedagogisk opplegg for 5.-7. trinn.  

- Tekna Sogn og Fjordane er stolte av at 2023- prosjektet i Sogn og Fjordane har inspirert den nasjonale satsinga. Me gler oss til å markere både Tekna 150 år og Tekna Sogn og Fjordane 85 år i 2024, seier Heimset Larsen.  

Åse Neraas ved ViteMeir er strålande nøgd med gåva for 2024.  

- Denne gåva vil gjere det mogleg å halde fram med «ViteMeir på hjul» i 2024, og sikre at endå fleire elevar får ta del i vitensenterpedagogikken. Og så er det jo ikkje til å legge skjul på at det er veldig stas at det me har fått til saman med Tekna i Sogn og Fjordane kan ha medverka til eit betre tilbod til distrikta elles i landet òg!  

Langsiktig satsing 

Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane har fått med seg ViteMeir si satsing på hjul og applauderer fokuset på heile Sogn og Fjordane. Dei har i desse dagar løyvd ei gåve på 750.000 kroner til «ViteMeir på hjul» for perioden 2024-2028. Gåva kjem frå overskotet til Sparebanken Sogn og Fjordane. Målet er å nå ut til ungdomsskuleelevar i kommunar som har lang reiseavstand til vitensenteret. 

 - Me ønskjer å støtte dette prosjektet for at flest mogleg av elevane i Sogn og Fjordane kan få nytte av kompetansen ved vitensenteret. Ved at ViteMeir tar med seg læringsopplegg og reiser ut på skulane kan me nå mange elevar på ein effektiv måte, seier Jan Petter Vadheim i Sparebanken Sogn og Fjordane. 

- Denne gåva kan bli avgjerande for «ViteMeir på hjul» og det tilbodet me ønskjer å få på plass. Me trur at kommunane vil sjå nytten av ei slik satsing på realfag for elevane deira, og me vil gå i dialog med dei for å invitere dei med på prosjektet. Dette er ei gåve som kjem til å kome svært mange born og unge til gode, avsluttar Åse Neraas.

Heidi Breili Bøthun