Kinderegg-læringsopplegg ved ViteMeir i samarbeid med lærarutdanninga (HVL) 


ViteMeir testar ut eit nytt læringsopplegg i anatomi saman med lærarstudentar frå Høgskulen på Vestlandet (HVL). 40 elevar frå Luster ungdomsskule skal få dissekere hjarte og lunge frå gris, og lærarstudentane bidreg i gjennomføringa. Læringsopplegget er eit samarbeid med Luster kommune og lærarutdanninga ved HVL.

-Dette er eit ekte vitensenter-kinderegg, seier formidlingsleiar ved ViteMeir, Åse Neraas. 

 

Uttesting av læringsopplegg som kan bli eit fast tilbod 

Anatomi med disseksjon har hittil ikkje vore eit tilbod frå ViteMeir. No skal dei, i samarbeid med høgskulen og Luster kommune, teste ut eit nytt læringsopplegg der ein nyttar disseksjon av gris til å lære om anatomi og korleis kroppen fungerer. Først skal formidlarane ved ViteMeir gjennomføre ei økt i disseksjon for lærarstudentane. Her får dei erfaring med metodikken og pedagogikken som vert nytta. Etterpå skal studentane sjølve bidra inn i undervisninga til ungdomsskuleelevane. På denne måten får studentane erfare korleis undervisning med bruk av disseksjon fungerer i praksis. 

- Me har hatt disseksjonsaktivitetar på ViteMeir saman med høgskulen, men no gjer me det for første gong saman med elevar. Dette er eit ekte vitensenter-kinderegg, der lærarstudentane først får gjennomføre disseksjon saman med formidlarane ved ViteMeir, før dei får nytte det dei har lært når dei sjølve skal vere med på undervisning av elevar. I tillegg får me testa ut om læringsopplegget eignar seg som eit fast tilbod for elevar. Dette er rett og slett vinn-vinn-vinn, seier Åse Neraas, formidlingsleiar ved ViteMeir.

 

Nortura stiller med griseorgana som vert nytta. Dei er òg ein god sparringpartnar når det gjeld handtering av organa. Gjennom disseksjon av desse organa utviklar elevane evnene sine innan vitskapleg utforsking og auka interessa for biologi og anatomi. Elevane får trening i å planlegge, gjere observasjonar og evaluere aktiviteten. Dei jobbar i grupper og må planlegge og kommunisere både med kvarandre og gjennom rapportering. 

- Disseksjon er ein kjempegod måte å forstå korleis kroppen vår fungerer, spesielt når ein nyttar dyr som gris eller sau som liknar veldig på menneske. I tillegg gjer det naturfaget mykje meir spennande og interessant, seier Tonje Helene Været, høgskulelektor ved HVL og lærar ved Luster ungdomsskule.

 

Praksisrelevant undervisning for høgskulen 

For utviklinga av naturfaget sin del er utforskande undervisning og prosjektarbeid ein grunnleggjande del av metodikken. Disseksjon er ein aktivitet som kan gjennomførast med førearbeid og etterarbeid. Her kan elevane vere med på å utvikle sine eigne forskingsspørsmål og få trening i observasjon og analyse. For lærarstudentane er det viktig å få trening i, og erfaring med, bruk av praktiske aktivitetar i undervisinga som skal spegle det dei kan få til i skulen seinare. Praksisrelevant undervisning er eit viktig element for Høgskulen på Vestlandet. I nasjonale strategiar vert det peika på at praksisrelevans er ei utfordring for dei fleste lærarutdanningane. Samarbeidet mellom HVL og ViteMeir gjer det mogeleg å skape praksisrelevant undervisning i tillegg til den ordinære praksisen som studentane er gjennom.  

 

Vitensenterkoordinator for HVL, Hege Stein, meiner at ViteMeir er ei verktøykasse for HVL, og ein stad der lærarstudentar møter elevar på ein arena full av praktiske læringsaktivitetar.

 

 

 

Heidi Breili Bøthun