ViteMeir søkjer Sommarvertar

ViteMeir søkjer ungdom og studentar som ønskjer ein spennande sommarjobb med varierte arbeidsoppgåver. Me ser etter gode medarbeidarar som kan møte gjestane våre med eit smil og gjere besøket deira til ei god oppleving 😊 

Prøv deg på dette reknestykket og sjå om dette kan være noko for deg: 

+ Er du imøtekommende og klar for å yte god service?  

+ Er du nysgjerrig og glad i å lære nye ting?  

+ Har du interesse for teknologi og realfag?  

+ Trivst du i arbeid med born og unge? 

= Dette kan vera ein interessant jobb for deg: Søk då vel! 😊 

Nokon av arbeidsoppgåvene: 

  • Ta imot gjestar i utstilling 

  • Betene resepsjon og butikk 

  • Bidra til å halde utstillinga fin for alle gjestane våre 

  • Gjennomføre bursdagsfeiring, teambuilding, eksperimentshow med meir 

  • Ta med ViteMeir-aktivitetar ut til folk, for å treffe dei der dei er 

 

Arbeidstida for sommarvertar er lagt til sommarferien frå veke 26 til 33. ViteMeir har ope kvar dag gjennom ferien frå 10.00-17.00. Som Sommarvert kan du få mogelegheit til å fortsette som deltidstilsett ved ViteMeir etter sommaren. 

ViteMeir tilbyr: 

  • Ein unik sjanse til å utfolde deg sjølv i jobben gjennom heile sommaren 

  • Eit kreativt arbeidsmiljø med spanande og varierte arbeidsoppgåver 

  • Lønn etter tariff 

  • Ei god arbeidserfaring for deg og CV’en din 

 

Søknadsfrist: 22.03.2026 

Oppstart: etter avtale 

Send ein søknad med CV til pnb@vitemeir.no  

Har du spørsmål om stillinga? 

Ta kontakt med vår fritidsansvarlege: Peter Nore Bengtsson 

E-post: pnb@vitemeir.no Telefon: 97 42 37 27  

Forrige
Forrige

Årets første partnartreff

Neste
Neste

Formidlarsamling 2025