Er du vår nye fritidsansvarlege?

Er du ein kreativ og løysingsorientert person som samarbeider godt med både små og store? Likar du å bruke både hovudet og hendene, og å utforske realfag på ein leikande måte? Då vil me gjerne høyre frå deg! Me ser etter deg som både trivst med å møte gjestane våre, og å halde hjula i gang bak kulissane. 

 
Arbeidsoppgåver 

Til stillinga ligg det å ha personalansvar for vitenvertane ved ViteMeir. Vertane jobbar i helgar og i feriar, og gjennomfører aktivitetstilbodet som er planlagd for fritidsgjestane våre. I tillegg vil du: 

  • Ha ansvar for å utvikle, planlegge og gjennomføre fritidsaktivitetstilbodet. 

  • Ha ansvaret for oppfølging og opplæring av vitenvertane. 

  • Gjere enkle driftsoppgåver i samband med vedlikehald av utstillinga. 

  • Ta imot skular og barnehagar i utstillinga. 

 
 

Kvalifikasjonar og eigenskapar 
 

Me ser etter deg som: 

  • har interesse for realfag 

  • har praktisk sans – du bør ikkje ha fleire enn to tommeltottar :) 

  • har førarkort klasse B 

  • gjerne har erfaring frå arbeid med barn og unge 

  • har gode samarbeids- og formidlingsevner  

  • er kreativ, løysingsorientert og strukturert 

  • ser kva som bør gjerast – og gjer det 

  • kommuniserer godt på norsk og engelsk 

  • kan leggje fram politiattest 

Har du spesielle eller spennande interesser? Då vil me gjerne høyre om desse i søknaden din. 

 

ViteMeir tilbyr: 

  • Inntil 100 % fast stilling 

  • Fast arbeidstid onsdag ettermiddag og i gjennomsnitt kvar tredje helg 

  • Ein unik sjanse til å forme og utvikle innhaldet i vitensenteret 

  • Kreativt arbeidsmiljø med spennande arbeidsoppgåver 

  • Gode pensjons- og forsikringsvilkår 

  • Løn etter avtale 

 

Oppstart: Etter avtale, seinast 7. april – gjerne tidlegare! 

Søknad: send søknad og CV på e-post til jobb@vitemeir.no 

Søknadsfrist: 7. desember

Har du spørsmål? Ta kontakt med Heidi Breili Bøthun, hbb@vitemeir.no, tlf. 970 99 452 

 

Om arbeidsgjevaren 

ViteMeir – Vitensenteret i Sogn og Fjordane as – er eitt av 13 regionale vitensenter i landet. Senteret ligg på Kaupanger i Sogndal kommune og har vore i drift i fire år. Vårt samfunnsoppdrag er å inspirere til realfagsglede og bidra til rekruttering til kompetanseområde som Noreg treng i dag og i framtida. Dette gjer me gjennom å tilby eit breitt utval interaktive utstillingar og læringsopplegg. ViteMeir skal vere ein attraktiv samlingsplass og ein pådrivar for samarbeid og utvikling i tråd med samfunnsoppdraget vårt. 

På ViteMeir får du moglegheit til å bidra inn i ein spennande arbeidsplass i eit kreativt og kompetent team. Dei tilsette ved ViteMeir utgjer om lag 16 årsverk. Senteret skal vere ei drivkraft i regionen i tett samhandling med mellom anna barnehagar, skular og næringsliv. 

ViteMeir – Me inspirerer til berekraftig samfunnsutvikling og leikande læring!  

Åse NeraasJobb