Girl Tech Fest i samarbeid med Statkraft
For andre år på rad inviterar ViteMeir og Statkraft jenter i 5. klasse til Girl Tech Fest torsdag 29. oktober 2026 – ein festdag full av koding, teknologi og læringsglede!
Frå fjorårets GTF i samarbeid med Statkraft
Bakgrunn
Framtida treng fleire kvinnelege teknologar. Difor samarbeider ViteMeir med ODA Nettverket, TENK – Tech Nettverket for kvinner, IKT Norge og Nasjonalt senter for realfagsrekruttering (NSR) om å lage ein dag der jenter kan leike med, og prøve, teknologi på eigne premiss – med kvinnelege formidlarar som rollemodellar. Girl Tech Fest blir arrangert over heile landet, og i Sogn er det ViteMeir som er arrangør, i samarbeid med Statkraft.
Innhald
Jentene vert delte inn i grupper og fordelt på dei ulike stasjonane. Alle får prøve alle aktivitetane:
• Ballongbattle med bit:botar
• 3D-printing og robotarm
• Lego Spike
• Lunsj
Les meir om programmet, og korleis du som lærar kan melde på, her.