ViteMeir startar nytt gratis tilbod – ber om full nasjonal utrulling og fullfinansiering
Første steg er tatt, no ønskjer ViteMeir å ta det neste steget mot eit fullverdig Talentsenter-tilbod.
ViteMeir tilbyr no gratis lærarkurs i Sogn og Fjordane om elevar med stort læringspotensial. Interessen er stor. No ønskjer ViteMeir å ta neste steg: eit fullverdig Talentsenter-tilbod for elevar i heile regionen. Med 6,4 millionar kroner i halvårseffekt kan det nasjonale tilbodet vere på plass allereie frå neste skuleår.
Korleis kan skulen bli endå betre til å oppdage og følgje opp elevar som lærer raskt, tenkjer komplekst og treng større faglege utfordringar? Det ønskjer ViteMeir å hjelpe til med.
Som nytt av skuleåret tilbyr ViteMeir lærarkurs om elevar med stort læringspotensial – og interessa har allereie vore stor.
Sist veke gjennomførte ViteMeir kurs for lærarar om elevar med stort læringspotensial og om tilpassa opplæring for heile breidda i klasserommet. Lærarar frå både Årdal, Kaupanger, Jostedal og Stryn fekk arbeide med korleis dei kan identifisere, forstå og leggje betre til rette for denne elevgruppa.
Lærarar frå Jostedal skule utforskar korleis ei kulebane kan kombinere leik og læring.
Elevar med stort læringspotensial er ikkje nødvendigvis dei elevane som alltid får dei beste karakterane eller utmerkar seg mest i klasserommet. Nokre kan tvert imot miste motivasjonen, bli passive eller prestere svakare enn det potensialet deira skulle tilseie dersom dei over tid får for lite faglege utfordringar.
– Alle elevar har rett på ei opplæring som gir dei noko å strekkje seg etter. For elevar med stort læringspotensial handlar det ikkje først og fremst om å få meir arbeid, men om å få oppgåver som gir større djupne, kompleksitet og rom for utforsking, seier Håkon Mogstad, prosjektleiar for Talentsenter i realfag ved ViteMeir.
Kurs ute på skulane
ViteMeir tilbyr kursa gratis til skulane og kjem ut til skulen for å gjennomføre dei. Tilbodet består av to kurs som kan gjennomførast kvar for seg eller i samanheng. Lærarane får mellom anna kunnskap om kva som kjenneteiknar elevar med stort læringspotensial, korleis dei kan identifiserast og korleis skulen kan møte ulike behov i elevgruppa. Ein får også innblikk i korleis undervisninga kan leggast opp slik at elevar med ulike føresetnader får høve til å utvikle seg. Lærarane arbeider mellom anna med oppgåvedesign og praktiske undervisningsformer som gir rom for både støtte og større faglege utfordringar.
Målet er ikkje å lage eit eige undervisningsopplegg for nokre få elevar, men å gi lærarane verktøy som kan bidra til betre undervisning for heile elevgruppa.
– Me ønskjer at lærarane skal sitje igjen med konkrete verktøy dei kan ta i bruk i klasserommet med ein gong. Samstundes håpar me kursa kan skape gode diskusjonar på skulane om kva det eigentleg vil seie å gi tilpassa opplæring til heile breidda av elevar, seier Mogstad.
Lærarar frå Farnes skule i gong med å lage kulebane på idealtid.
Stor interesse frå skulane
ViteMeir oppfordrar no skular som vil arbeide med elevar med stort læringspotensial om å ta kontakt for meir informasjon eller booking av kurs.
– Me hadde kurs kvar einaste dag under planleggingsveka før skulestart no i august. Det tek me som eit tydeleg signal om at dette er eit tema mange skular ynskjer meir kunnskap om. Samstundes håpar me at enda fleire skular tek kontakt med oss. Me kjem ut til skulen og gjennomfører kurset saman med heile eller delar av personalet, fortel Mogstad.
Ber om 6,4 millionar til nasjonal utrulling
ViteMeir kan tilby lærarkursa gratis fordi dei er finansierte av øyremerkte midlar frå statsbudsjettet. Lærarkursa er første steg i arbeidet med å byggje opp eit fullverdig Talentsenter-tilbod ved ViteMeir. Målet til ViteMeir og Vitensenterforeininga er at alle dei 13 regionale vitensentera så raskt som mogleg skal kunne tilby eit fullverdig Talentsenter-tilbod.
Talentsenter i realfag er eit spesialisert opplæringstilbod for elevar med stort læringspotensial. I dag har seks av dei 13 regionale vitensentera eit fullverdig Talentsenter-tilbod med elevsamlingar for målgruppa. Dei sju resterande sentera, mellom anna ViteMeir, er i gang med kompetansebygging og kursing av lærarar.
- I motsetnad til kva mange trur, er det mange i denne målgruppa som droppar ut i løpet av skulegangen. Tilbodet er derfor heilt avgjerande for desse elevane. Det er sjølvsagt ikkje slik at desse elevane berre finns i og rundt dei største byane. Dei finst også i Sogn og Fjordane og alle andre distrikt, så det hastar å få utvida tilbodet til eit fullverdig, nasjonalt tilbod, seier dagleg leiar ved ViteMeir, Gry Høyheim.
Vitensenterforeininga har sendt innspel til statsbudsjettet for 2027. Med ein halvårseffekt på totalt 6,4 millionar kroner kan Talentsenter-tilbodet gjerast fullverdig ved alle dei 13 regionale vitensentera frå neste skuleår.
Sidan dei regionale sentera som ikkje har Talentsenter i dag allereie er i gang med kompetansebygging og kursing av lærarar, meiner ViteMeir at tilbodet kan rullast ut raskt.
Gry Høyheim og Håkon Mogstad.
– Me er allereie i gang. Kompetansen blir bygd opp, skulane viser stor interesse, og dei regionale vitensentera står klare. Det som manglar, er fullfinansiering slik at elevane også kan få eit fullverdig tilbod.
- Eit gryteklart og samfunnsøkonomisk lønnsamt forslag som dette, som i tillegg kan setjast i gang raskt, bør vere ei gåvepakke til ein kvar politikar som skal forhandle om budsjettmidlane. Me håpar at Regjering og Storting ser verdien av å gi elevar med stort læringspotensiale eit likeverdig tilbod, uavhengig av kvar i landet dei bur. Med dei kompetanseutfordringane me som samfunn står ovanfor, har me ikkje råd til å la vere, avsluttar Høyheim, som med det sender ei klar oppfordring til både posisjon og opposisjon.
-
Elevar med stort læringspotensial kan ha særlege føresetnader for å lære raskt, forstå komplekse samanhengar og arbeide på eit høgt fagleg nivå. Elevgruppa er samansett, og stort læringspotensial kan kome til uttrykk på svært ulike måtar. For skulen handlar god tilrettelegging mellom anna om å gi elevane tilstrekkeleg fagleg utfordring, djupnelæring og høve til å utvikle læringsstrategiar og uthald.
-
I dag har Oslo Vitensenter, VilVite i Bergen, Jærmuseet, Vitensenteret i Trondheim, Nord-Norsk Vitensenter og Vitenparken på Ås eit fullverdig Talentsenter-tilbod med elevsamlingar. Elevsamlingane gir spesialisert undervisning som er definert som tilpassa opplæring til målgruppa, elevar med stort læringspotensial. ViteMeir, Atlanterhavsparken i Ålesund, Vitensenteret Sørlandet, DuVerden i Porsgrunn, Vitensenteret Innlandet, Vitensenteret Nordland og Inspiria i Sarpsborg har foreløpig ikkje eit fullverdig Talentsenter-tilbod, men byggjer for tida kompetanse og tilbyr lærarkurs. Dei etablerte talentsentera fungerer som mentorar for vitensentera som no byggjer opp Talentsener som eit nytt tilbod ved sine senter.