Me søkjer vitenvertar
Vitensenteret ViteMeir på Kaupanger søker deg som vil bli vitenvert!
Har du lyst til å gjere besøket på Vitensenteret magisk for små og store, og samtidig vere med å inspirere ungdom til å utforske oppfinningar, koding og kreativt tullball? Då kan dette vere jobben for deg!
Som Vitenvert blir du ansiktet utad for Vitensenteret. Du møter publikum, hjelper til med aktivitetar og utstillingar, held vitenshow og bidreg til å skape gode opplevingar for gjestane våre.
Me ser etter deg som:
✨ Er blid og likar å møte folk
✨ Er kreativ, nysgjerrig og har lyst å lære (og lære bort!)
✨ Synest realfag og oppfinningar kan vere gøy
✨ Har lyst å inspirere andre
✨ Kan jobbe ettermiddagar, helg og i feriar
✨ Helst har førarkort klasse B
Arbeidsstad Kaupanger.
Me tilbyr:
✨Opplæring og rettleiing
✨Ein sosial og lærerik jobb i eit kreativt miljø
✨Moglegheita til å utvikle eigne idear og vere med å forme aktivitetar
Du treng ikkje spesialkompetanse frå før – det viktigaste er entusiasme og stå-på-vilje.
Send søknad fortløpande til: hbb@vitemeir.no
Om du har spørsmål om stillinga kan du ta kontakt med Heidi Breili Bøthun på e-post eller tlf: 970 99 452